Notater : Sig. Engen's manuskript Forsand. Son til Halvar Erikson Mjåland Mån og andre kona Åsa Tolleivsdtr. Mån. Gift 1) 1781 med Gunhild Ådnesdtr. Mjåland, Gjesdal (se denne), 2) 1812 med Berta Olsdtr. Lekvam. Då Erik gifte seg med Gunhild flutte han til Mjåland og budde der til 1789. Då flutte han attende til Mån. I manntalet 1801 er Erik Halvarson, 40 år, nemnd gardbrukar på Mån med kona Gunhild, 38 år, og 4 born. Dessutan bur Ola Tolleivson, brorson til Eirik, 2 år hjå dei. Dertil kjem to tenarar. Den 3.3.1811 døydde fyrste kona hans, 48 år, og året etter, 6.6.1812 gifte Erik seg opp att med Berta Olsdtr. Lekvam. Om Erik Halvarson fortel Peter Rolvsen etter Bertil T. Kommedal: "Erik var ein gild og svært akta mann. Han nådde ein høg alder, men han låg mange år til sengs før han døydde. Det var kring 1839. Det vart halde stor likferd på Månen då. Alle frå gardar ned i dalen omfram Frafjord var bedne til likferda, og det kom mykje folk. Alle var samde om at så bra mann hadde det ikkje vore på Månen før, og ikkje kom han seinare heller. Men ikkje mindre avhalden var kona hans, ho Berta. Så gild og rettskaffen som ho alle dagar hadde vore. Flink var ho og utretteleg i alt sitt arbeid, og ei helsa som var usliteleg." Og Rolvsen legg til: Det fortelles om gamle Berit at hun var viden kjent som en dyktig veverske og at hun i 90-års alderen kunne spinne det fineste garn uten briller. I denne høye alder vevet hun en vev som ble utstillet og premiert på en amtsutstilling i Stavanger. Born: Av første gifte: a. Siri 1 Eriksdtr. 1781, død s.å. b. Siri 2 Eriksdtr. Eikeskog (sjå denne), f.1782, g.14.6.1807 m. Ola Toreson Eikeskog. c. Per Erikson Mån, dpt.2.10.1785, gift 1)14.6.1812 med Marta Torgersdtr. Kommedal, gift 2) med Ragnhild Osmundsdtr. Rage i Gjestal. d. Halvar Erikson Mån, dpt. 8.11.1789 e. Åsa Eriksdtr. Mån, dpt 8.7.1792 f. Gunhild 1. Eriksdtr. Eikeland, dpt. 8.1.1793, gift 7.6.1817 med Sven Asbjørnson Eikeland. g. Berta Eriksdtr. Mån, dpt. 28.3.1796 Av andre gifte: h. Erik Erikson Mån, f.25.12.1812 i. Ola Erikson Mån, f.9.11.1814 j. Gunhild 2. Eriksdtr. Mån, f.20.3.1817 |