Notater : ÅÆ.side 304. Time, Lye 154/155, Njå 263.62. Døypt 25.6.1765, konfirmert 1775. Dotter til prost Jens Bull Lye og andre kona Kirsten Stoltenberg Tønsberg. Var andre kona til Ola Olson Njå, og mor til Kirsten Stoltenberg Olsdtr. Njå. Ho vart forelska i Ola Olson Eikeland, som arbeidde for prosten Jens Bull. Då sendte prosten henne til Bergen (nokre seier København). Akseliane lurte seg heim att på eit skip som tilhøyrde den rike svigerbror sin, kjøpmann Gabriel Kielland i Stavanger. Akseliane fortalde faren at han måtte forstå at det var Guds vilje at ho skulle gifte seg med Ola. Faren gav seg, og til bryllupet skreiv svigerbroren, Jens Zetlitz, som arbeidde som kapellan hjå Jens Bull, den kjende songen "Jeg er så glad jeg er min egen Herre, etc."
|