Notater : ÅÆ.side 308.c4. Bonde på bruk nr.11 og 12 på Tunheim i Time. Overtok garden etter farbroren Sven. Han var sønn av Eivind Eivindson Tjensvold og Marta Maria (Maja) Persdtr.Fotland, Time. Gift med Gurina Jonasdtr. Undheim. I tillegg til å driva garden dreiv han mykje med kjøp og salg av dyr, særleg sau, som han hadde særs godt vett på. M.a. reiste han rundt på Vestlandet etter 2.verdenskrig og kjøpte opp dyr som skulle til Nord-Norge. Han hadde lett for å koma i kontakt med folk, og likte godt å drøsa. Han var ei tid medlem i Høgre, men då han fekk innkalling til møte med beskjed om at antrekk var "Kjole og hvitt", sa han: "No er dei vorte galne", og melde seg ut. Han var sprek like til det siste, og fortalde ei gong han hadde vore på leiting etter sau i Sikvalandskulå, at han ville ta seg eit bad i eit vatn. "Eg la utpå, men eg ville bara søkkja, så eg måtte kara meg til lands att." Då var han 75 år. Born: a. Eivind Tjensvoll, f. 30.11.1911. Gift 15.3.1947 med Klara Alma Sikveland, f. 17.2.1915, datter av Gabriel Sikveland og hustru Ane. b. Jonas Tjensvoll, f. 20.5.1913. Død 1998. Reiste til Amerika i 1929. Gift 18.12.1939 med Pearl Nell Gelok, f. 1920 i Billings, Montana, av hollandske foreldre. c. Sven Tjensvoll, f.2.3.1915, d.1.12.1974. Reiste til Amerika 1938. Under 2.verdenskrig gjorde han tjeneste i den amerikanske marinen i 2-1/2 år og var med i en rekke trefninger med Japanske styrker. d. Marta Maria Tjensvoll, f.24.1.1917. Gift 28.10.1939 med Roald Undheim, f.20.4.1912, sønn av Peder Rasmusson Undheim og hustru Anna Ørbek Seim. Bonde på Årestad i Time.(Det var visstnok ein tyskar som var faren) e. Anna Tjensvoll. f.9.11.1918. Gift 15.3.1941 med Kristoffer Risa, f.7.6.1913, sønn av Andreas Larsson Risa og hustru Marta Kristoffersdtr. Helvik. f. Karen Tjensvoll, f.31.10.1921. Gift 23.6.1945 med Torstein Torkelson Taksdal, f.3.7.1916, d.31.5.1976, sønn av Torkel Undem Taksdal og Marta Serina Tobiasdtr. Taksdal. Bonde på Tunheim, Håklepp. g. Kristoffer Tjensvoll, f.9.3.1923. Bonde på farsgarden Tunheim. Ugift. Satte garden overstyr og overlot den så til sønn av sin eldste bror, Eivind, Kristian Gabriel Tjensvoll, f. 9.10.1950. h. Gudrun Tjensvoll, f.1.5.1925, d.15.10.1932. i. Åse Tjensvoll, f. 15.5.1927, se denne.
|