Notater : Sig.Engen's manuskript om Forsand. Son av Ola Toreson Eikeskog og Siri Eriksdtr. Mån i Frafjord. Gift med Berta Ansteinsdtr. Virak frå Bakke i Sirdal. Erik var flutt til byen, men måtte heim att og ta over garden, for Tore som var eldst og skulle hatt han, gifte seg til Brådland. I matrikkel 1851 har Erik Olson, gardbrukar og sjølveigar, 57 år og kona Berta Ansteinsdtr., 45 år, fødd i Bakke prestegjeld i Sirdalen desse borna: a. Ola, 20 år, hjelper faren med gardsbruket. b. Anas, 17 år c. Ane Serine, 15 år d. Erik Olai, 13 år e. Berner, 11 år f. Karina, 8 år (se denne) g. Gunhild, 6 år h. Jorina, 6 år i. Kristianna, 4 år j. Enok Gabriel, 1 år. (I tillegg hadde dei to andre som døydde små). Ti år seinare, ved folketeljinga i 1875 var det enka Berta Ansteinsdtr som hadde bruksnr. 151. Ho hadde heime hjå seg desse ugifte borna: Ola, Erik, Ane, Jorina, Kristianna og Enok. I matrikkel 1886 er Erik Olsons enkje førd med bruk nr. 151 som var på 1-2-19 skyld-dalar eller 1,39 skyldmark. |