Notater : Gjesdal, Indre Lima s.136 nr.42 Han fekk skøyta frå Ola Larsson II, tingl. 22. juli 1823, på bnr.1. Han var gift 2 gonger: 1. 12. juni 1825 med Rakel Larsdtr. Helland, fødd 1802, død 1851. 2. 2. april 1852 med Rakel Torkelsdotter Ravndal, fødd 1816, død 1893. Med fyrste kona: a. Erik, fødd 1826, (sjå denne). b. Lars, fødd 1828, død 1890, gift 17.mai 1855 med Malena Torgerdtr. Vølstad, f. 1823, død 1913. Dei budde på Bråstein og hadde 3 søner: 1. Reiar, f. 1856. 2. Hans, i Amerika. 3. Tønnes Georg, f.1861, død 1924, gift 29. okt. 1886 med Helga Tordtr. Tjøstheim, Suldal, f. 1864. - Tønnes var lærar fyrst i Nedstrand, sidan i Bråstein krins i Høyland. Då han slutta med læraryrket, tok han til med ættegransking og hadde samla mykje tilfang, som han yvergav til Høylands kommune fyrr han døydde. Bokskrivaren fekk også både tilfang og rettleiding av han og hev mykje å takka han for. c. Hans Reiarson, f. 1831, død 1879, gift 5. april 1861 med Maria Svensdtr. Nese, fødd 1839. Han var handelsmann i Stavanger. d. Rakel, f. 1835, gift 5. april 1863 med Lars Fanuelson Gjesdal, født 1832, død 1905. Dei budde på Austrått. e. Sven, f. 1838, d. 1908, gift 13. mai 1869 med Justine Hansdtr. Vestly, f. 1846. Dei budde fyrst på Lunde i Høyland, men tok seinare til Amerika. f. Ludvig, fødd 1841, d. 1874, gift med Kristine Nikolaisdtr. Edland, fødd 1844. Han var au handelsmann i Stavanger. g. Martin, f. 1846, d.1889, gift med Maria Øksnevad. Dei budde på Soma i Høyland. Med den andre kona hadde Reiar: h. Juditte, f. 1857, gift med Fredrik Fanuelson Gjesdal. |