Jenny Oliva Telle
Jenny Oliva Telle

DatoStedKilde
Født :1912Telle, Tælavåg, Sund-
Død :14 Okt 2001Bergen-

Alder : 89

Notater : Monica, datterdatter, leste opp følgende på begravelsesdagen 18 oktober 2001:
Kjære mormor, farmor, bestemor og Jennybesto.
Kjært barn har mange navn, sies det. Og du har svært ei fantastisk kjær bestemor.
Og for meg var du den beste mormor nokon kunne ønske seg.
Ord blir svært fattig når eg prøver å sei kva du var og kva du betydde.
Men om mitt liv var eit byggverk så var du grunnsteinen i det, saman med morfar. Og om du enn var liten av vekst, så var du det største menneske eg har kjent.
Du var først og fremst god, kjærlig, sterk og omsorgsfull. Eg har mange gode minne om nattklær og teppe som vart varma på ovnen, og om at du gjekk og pakka på dyna når du trudde eg var sovna.
Du fekk meg alltid til å kjenna meg elska og spesiell, og slik trur eg og dei andre barnebarna kjende det.
Du opplevde mykje vondt i livet, men du møtte det med eit lyst sinn og eit godt hjerte. Eg hørte aldri at du uttrykte bitterhet eller hat mot nokon. Eg huska at du sa om dei tyske soldatane som vokta doke på Framnes at det var jo synd på dei, dei var jo berre unge gutter langt heimanfrå. Dei kunne ikkje hjelpe for at dei vart sent der, stakkar.
Det lyste alltid så godt av dei fine brune augene dine. Turid sa på sjukehuset at ho kjende deg ikkje igjen når ho ikkje såg dei brune augene, det seier noke om utstrålinga.
Du såg alle folk som det menneske dei var, uavhengig av tittel og kor dei såg ut. Eg huska spesielt godt noke du eingorng sa; det var nokon som snakka om ei som hadde blitt så fin. Ja, fin, sa du. Er ikkje alle menneske fine då?
Og det sa du med ekte forundring.
For meg vart du eit ideal. I tunge tider har eg ofte tenkt at om mormor og morfar kunne vera så positive etter all motgang dei møtte, så måtte eg vel klara det som kan synes som bagatellar i forhold. Og eg såg at det var gjennom å tilgje og i å sjå det gode i folk at ein får det godt med seg sjølv.
Du lærte med svært mykje, også mi første aftenbøn. Den var god å ta med når livet butta imot.
Sjølv om du var nesten 60 år når eg vart fødd, har eg aldri opplevd deg som gamal. Du var alltid ung til sinns og eg kunne snakke med deg som til ei venninne. Det var alltid kjekt å snakke med deg, du hadde eit svært godt humør, og det var alltid mykje spøk og latter.
Eg trur eg hadde eit håp om at du skulle leva evig. Eg veit at eg var redd fro kva som ville skje med byggverket mitt hvis grunnsteinen vart vekk. No ser eg at den aldri vert vekke, for du kjem alltid til å leve vidare i hjarta våre, saman med tusentals gode minner.
Vi er deg evig takknemlig.


FarMor
Nils Grimson TelleMalene Hansdatter
EkteskapBarn
- Rasmus Karstenson Øvretveit 05 Sep 1948 - Vigdis Martinsen

Jenny Oliva Telle
1912
14 Okt 2001
Nils Grimson Telle
1880
1948








Malene Hansdatter
1874
1963
Grim Nilsson Telle
1849
1937


Johanna Andersdatter
1856
1925



Hans Torkelson
1829
1896


Gjertrud Mikkelsdatter
1829
1905

- - -

- - -

Anders Jonson
1830 - 1914
Maria Olsdatter
1833 - 1880

Torkel Nilsson
1781 - -
Anna Hansdatter
1799 - 1849

Mikkel Villumson
1792 - 1858
Malene Jensdatter
1792 - 1865

Win-Family v.6.0Webmaster -------- Homepage22 Des 2002