Vigdis sin far sat i Sachsenhausen og mora var på Framnes med tre små born.
telavaag_i_dag_forside.jpg (44391 bytes)

26. april 1992 var det 50 år sidan hendingane som førte til total øydelegging av Tælavåg. Ei skotveksling mellom to Linge-karar og Gestapo utløyste represaliar mot heile det vesle lokalsamfunnet. Alle bygningar vart raserte, og alle vaksne, arbeidsføre menn vart sende til tyske konsentrasjonsleirar der 31 av dei døydde. Alle kvinner, barn og eldre vart også tekne og internerte i 2 år.

Desse overgrepa mot heile folket i ei einskild bygd gjer at Tælavåg har sin heilt spesielle plass i norsk krigshistorie. Denne historien hav vi ikkje lov å gløyma.

TÆLAVÅG
Vest i havet ligg bygda, med Nordsjøen som næraste nabo. På dei skrinne knausane har folk klort seg fast sidan steinalderen. Den strie naturen har herda menneska, men også knytt bygdefolket saman. Det har kome vel med i trengseltider, noko som Tælavågs-folket har opplevd i rikeleg mon.

I ti tusen år har det funnest menneske i Tælavåg. Det viser buplassen som er funnen ved sørvestre enden av Lauvatnet. Ein annan buplass, vest for Midttveit, er datert 1500 år tilbake i tid. Ikkje rart at menneska slo seg ned nett i Tælavåg, så gode hamner og fiskeplasser som vi finn her.

Gamle papir og bøker viser at den mektige statthaldaren i Norge, Vincents Lunge, eigde kvalfangsten i Tælavåg i 1525. Det var mykje kvalveiding i bygda i dei tider, og feilt fram til 1896 vart kvalen skoten med forgifta piler. Etter eit døgn vart han harpunert og dregen på land. Dette var god matauk i tillegg til det som kunne vinnast ut frå jorda. Sauene gav kjøt og ull, og kvinnene karda, spann og vov til klede. Det var heil åtte kverner i bygda der bøndene fekk male kornet sitt.

Då silde-  og torskefisket tok til, vart Tælavåg eitt av dei stor og kjende fiskeværa i fylket. I første delen av vårt hundreår vart mange tælavågingar velstandsfolk. Dei dreiv fiske både utanfor stovedøra og langs resten av kysten. Men folket i Tælavåg hadde tidleg forståing for å ta vare på balansen i havet. Allereie på 1800-talet kom det restriksjonar på fangst av småfisk. Vegen kom til Tælavåg rundt den første verdskrigen. Då den andre verdskrigen stod for døra, hadde bygda både nytt skulehus, ungdomshus, to butikkar og anløp av rutebåtar. Gardane var velstelte, og hus og naust gode. Fire hundre menneske levde fredeleg i lag, utan aning om kva lagnad bygda gjekk i møte.

Få mer informasjon på: NORDSJØFARTMUSEET
eller:
Telavåg Online
eller:
Universitetsoppgave
Tilbake:
Neste: