KRIGSHENDINGANE
"Folket i Tælavåg er gode
nordmenn". Så kort og kontant forklarar Johannes Evensen i Hummelsund i Bygdebok for
Sund korleis det kunne gå til at Tælavåg vart involvert i den illegale Englandsfarten.
Det vart eit lagnadstungt engasjement; då krigen slutta var 31 mann døde i tyske
fangeskap og heile bygda brend ned. Slik hemna den tyske okkupasjonsmakta seg på
Tælavåg.
Lidingssoga fekk sin opptakt i 1940, like etter at Tyskland gjekk til angrep på Norge. Mange måtte rømma over til England for å koma seg unna tyskarane, og nokre nordmenn kom tilbake som agentar. Frå engelsk side vart det sendt over våpen, ammunisjon, radioar og anna utstyr til den norske mot-standsrørsla. Ferda over havet var farefgull, og mange kom bort undervegs. Farten var sjølvsagt strengt ulovleg - også å hjelpa til at båtar og mannskap kom seg avgarde. "Forbindelse med Tysklands fiender straffes med døden", var bodskapen som lyste folk i møte frå plakatar som hang overalt. Tælavåginane let seg ikkje skremma. Dei følgde i løynd med på London Radio, og hadde teke eit klart standpunkt mot tyskarane og deira medløparar.
Tælavåg var på mange måtar ideell for denne typen trafikk til England. Staden låg utanfor allfarveg, og det var sjeldan tyskarar i bygda. Dessutan ville bygdefolket gjene hjelpa til, både med båtar og pengar. Fram til april 1942 flykta nærare 50 nordmenn til England frå Tælavåg.
I april 1942 vart to agentar frå Kompani Linge smugla i land i Tælavåg. Dei to var Arne Værum og Emil Hvaal. Med seg hadde dei ammunisjon, våpen og sprengstoff, i tillegg til etterspurde matvarer. Linge-karane vart haldne skjult hos Lauritz og Martha Telle. Dette vart for kjent i bygda.
TYSK MISTANKE
Tyskarane hadde allereie mistanke om at eit eller anna
føregjekk i Tælavåg, og hadde sine spionar ute. Dei snappa opp nyhende, og Gestapo vart
varsla.
26. april starta marerittet. Klokka fire om morgonen kom ein snøgtgåande tysk båt med tolv tyske offiserar og nokre norske NS-politifolk til Tælavåg, støtta av ein tysk minesveipar med rundt femti mann. Mellom dei tyske offiserane var blant andre den mektige Kommandeur und SS Hauptsturmfuerer Johann Behrens og hans nestkommanderande, Bertram.
Tyskarane omringa Telle sitt hus, og kom
seg inn utan at nokon rakk å varsle dei to frå Kompani Linge. Den store Telle-familien
vart stygt mishandla, både kvinner og menn. Tyskarane for frå rom til rom, og fann
Værum og Hvaal sovande. Dei to gav seg ikkje utan kamp. Då Værum skulle dra på seg
buksa, gjekk han til angrep på den eine gestapisten, vrista frå han våpenet og skaut
han. Hvaal fekk tak i sin pistol, og skaut ein annan. Ein tredje vart såra. Under
skotvekslinga etterpå vart Værum drepen og Hvaal hardt såra. Dermed var tragedien eit
faktum. Nordmenn hadde skote tyske Gestapo-offiserar!

På veg til tysk konsentrasjonsleir.

Terboven (nærast) fylgjer med på øydeleggingane.
Og ikkje kven som helst: Dei to døde tyskarane var Behrens og Bertram. Dette måtte hemnast! Det uhyggelege og destruktive dramaet som fylgde vart sett i scene av sjølvaste Reichkommizar Josef Terboven, øvstkommanderande i Norge. Han kom til Tælavåg i eigen person for å sjå til at bygda tart totalt utsletta.
| Få mer informasjon på: | NORDSJØFARTMUSEET |
|
eller:
|
Telavåg Online |
|
eller:
|
Universitetsoppgave |
|
|