REPRESALIAR
Tolv kvinner og menn frå bygda vart straks arresterte og førde til Bergen. Dei kom under strengt forhøyr og vart torturerte. Særleg ille gjekk det ut over det eldre ekteparet Lauritz og Martha Telle.

Nye store styrkar kom til bygda i dagane etter. Likevel kunne ikkje tælavågarane heilt tru at dei skulle straffast for ei skotveksling mellom fiendar. Men der tok dei feil. Tyskarane viste ingen nåde, og for fram på verste vis.

30. april, tidleg om morgonen, vart alle menn mellom 15 og 60 år jaga saman og stua inn i ei løe. Dei 66 mennene sat inne heile dagen utan korkje vått eller tørt, medan tyskarane plasserte sprengladningar rundt løa. Mange trudde dette var slutten og mennene i løa trøysta kvarandre best dei kunne.
handelslaget_nauste_full_skalat.jpg (51432 bytes)
Etter at husa var raserte.

Men utpå ettermiddagen vart dei jag ut igjen og opp på ein knaus. Sprengingane av bygda var byrja, og gestapistane ville at mennene skulle sjå korleis heimane deira vart øydelagde. Så vart dei førde til Bergen og internerte på Sandviken skule.

Dagen etter kom turen til borna, kvinnene og dei gamle. Alle vart stua saman i Ungdomshuset. Berre nokre få klesplagg og litt mat fekk dei ta med seg. Den eldste var 93 år gamal og måtte berast på båre - den yngste berre tolv veker gamal. To dagar sat dei 268 tælavågarane i ungdomshuset og høyrde og såg korleis bygda vart jamna med jorda. Nokre få klart å stikka seg unna. Så vart dei som var igjen førde til båtar, og etter ei redselsnatt kom dei til Bergen.

Få mer informasjon på: NORDSJØFARTMUSEET
eller:
Telavåg Online
eller:
Universitetsoppgave
Tilbake:
Neste: